Debatt
Nei til biogassanlegg i Ølen
Biovind AS har søkt Statsforvaltaren om løyve til å starte biogassanlegg i Ølen. Me som er naboar til dette planlagde biogassanlegget på Nerheim er svært bekymra. Erfaringane frå Stord, der Renevo opna eit liknande men mykje mindre anlegg i 2023, viser at luktproblem oppstod allereie første dag etter opning, og etter mange klager, måtte Statsforvaltaren stenge bedrifta. Det planlagde anlegget i Ølen er 10 gonger så stort. Biovind AS har per no ingen biogassanlegg i drift. Dette gjer at me fryktar dei manglar kompetanse på det som har med eit slikt anlegg å gjere. Dette medfører ein stor risiko. Det blir påstått at det er ny teknologi, men ifølgje rapporten frå Statsforvaltaren var det i hovudsak ikkje teknologien som var problemet på Stord, men mangelen på kompetanse hos leiing og tilsette. Den største bekymringa vår er sjølvsagt at det det skal lukte vondt i Ølen. Men me er og bekymra for støy frå døgnkontinuerleg maskineri og prosessar, forureining, helseproblem og auka trafikk – stor trafikk opp mot 50 stinkande vogntog i døgnet. Sist og ikkje minst er me redd for at Ølen – kommunesenteret i Vindafjord – skal bli ein mindre attraktiv stad å bu. I rapporten frå Statsforvaltaren frå 03.03.23 kan me lese at lukta frå Renevo på Stord spreidde seg fleire kilometer. Skal denne stanken definere Ølen i framtida? Skal Ølen bli kjend for å lukte vondt? Vi meiner frykta vår er høgst reell og angår alle som bur i Ølen. Vår oppmoding til kommunestyret og statsforvaltaren: Finn ein ny og betre lokasjon for biogassanlegget!
Tore Tverå