Terje Kollbotn, Raudt Odda
Terje Kollbotn, Raudt Odda

Kortslutning i Stortinget

Tysdag 7. juni handsama Stortinget Sofie Marhaug (Raudt) sitt representantforslag om å utgreie sjø- og jordkabelalternativ i staden for å byggje luftspenn for 420 kV-linja frå Blåfalli til Gismarvik. Eit slikt framtidsretta alternativ er i tråd med samrøystes vedtak i Etne kommunestyre og eit stort fleirtal i Vestland fylkesting. Både Raudt, Venstre, KrF, SV og MDG stilte seg bak dette forslaget. Men fleirtalet i Stortinget (Ap, Sp, H og Frp) ville i denne omgangen ikkje utfordre Statnett sine ti år gamle retningslinjer om at sentralnettet fortsatt i hovudsak skal byggjast som luftspenn, med store negative konsekvensar for natur og miljø.

Det mest oppsiktsvekkjande i stortingsdebatten var at fleire representantar frå fleirtalet argumenterte sterkt mot eit sjøkabelalternativ av omsyn til økologi og miljøomsyn på fjord- og sjøbotn! I mangel av andre saklege argument, var dette rett og slett ei avsporing og ikkje særleg truverdig. Dei same partia har jo gått i bresjen for å byggje verdas lengste sjøkablar til både Nederland, Tyskland og England. Då hadde dei ikkje omsut for havbotnen. I den store energidebatten i Stortinget 9. juni ivra dei same partia sterkt for ei massiv utbygging av havvind, med kablar til land. I denne debatten var det ingen sterke reservasjonar verken om miljøomsyn på havbotn eller sterke innvendingar om å ivareta fiskeriinteresser eller fugleliv. Fleirtalet på Stortinget ivrar og sterkt for å grønvaske oljeplattformene med sjøkablar frå land, utan atterhald om økologiske omsyn! Sjølsagt må eit sjø- og jordkabelalternativ ta natur- og arealomsyn, også på sjøbotnen. Men dette vil utan tvil vere langt meir skånsamt, mindre konfliktfylt og eit teknisk sett fullgodt alternativ til kva Statnett framleis freistar å trumfe gjennom.

Denne saka er likevel på ingen måte avgjort! Den 15. juni kjem det regjeringsoppnemnde Straumnettutvalet med sin rapport om nasjonal linjepolitikk for framtida. Denne skal danne grunnlag for ein ny debatt i Stortinget det komande året. NVE er i gang med si konsekvensutgreiing i denne saka. Samstundes reiser det seg sterk motstand mot monstermaster både i andre deler av Norge og i våre naboland Sverige og Danmark. Sjø- og jordkabelalternativet modnast uansett kva toppane i Statnett og deira støttespelarar måtte meine!

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS