Dagleg leiar i Haugaland Vekst IKS, Sigmund Lier.
Dagleg leiar i Haugaland Vekst IKS, Sigmund Lier.

Debatt

Haugalandet kan bli matkjelda vi treng

Mat er den mest grunnleggjande beredskapen vi har. Når verda blir meir uroleg, blir kortreiste løysingar meir verdifulle. Difor har ni kommunar på Haugalandet gått saman om Matregion Haugalandet – eit målretta løft for å planleggje meir produksjon, smartare distribusjon og tydelegare etterspurnad etter lokal mat. Haugaland Vekst koordinerer arbeidet. Ambisjonen er enkel å forstå, men stor i betydning: meir lokal verdiskaping, betre folkehelse og sterkare matsikkerheit – i vår region, for Noreg, og som eit lite, men nødvendig svar på globale rørsler.

Vi er i mobiliseringsfase. Det betyr at vi førebur tiltak som løyser ut etterspurnad, særleg frå offentlege kjøken og store innkjøparar; vi planlegg opplegg for skular og barnehagar slik at barn og unge ser verdien av jord og dyrking; vi kartlegg eigna areal og moglegheiter for å auke produksjonen av frukt, bær og grønt som i dag er underdekka lokalt; og vi utgreier fleksible, regionale distribusjonsledd som gjer at den siste mila ikkje stoppar gode produkt. Heile poenget er samspelet: etterspurnad, produksjon og logistikk må løftast samtidig.

Alt dette står og fell på éin ting: at bønder og politikarar er med – ikkje som heiagjeng på sidelina, men som medspelarar som set retning, torer å forplikte seg og vil vere stolte av å ha vore med då Haugalandet tok steget. For bøndene handlar det om framtidstru og nye bein å stå på. For politikarane handlar det om å bruke innkjøpsmakta klokt og langsiktig. For begge grupper handlar det om beredskap, arbeidsplassar og levande lokalsamfunn. Dette er eit prosjekt ein både vil vere med på – og faktisk ikkje har råd til å la vere å heie på.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS