Kommentar
Frå avisbod til Posten
Frå neste veke vil alle i Etne og Vindafjord få papiravisa levert med Posten, og ikkje lenger med avisbod. Dette er fordi vår samarbeidspartnar Amedia distribusjon av økonomiske årsaker har sagt opp avtalen dei har hatt med både Grannar, Haugesunds Avis og fleire andre titlar knytt til distribusjon i grendene våre.
Som ansvarleg redaktør er eg den første til å beklage at ingen lenger får papiravisa levert på morgonkvisten, men må vente på postbodet. For mange blir dette eit sakn til morgonkaffien. Det skjønar me. Dette er ikkje ein villa situasjon frå vår side, og det er noko me ikkje er herre over. For alternativa finst ikkje. At det same gjeld for mange andre lokalaviser i distrikts-Noreg er ei mager trøyst.
Det er staten ved Samferdsledepartementet som finansierer distribusjon av lokalaviser der det ikkje lenger er vanleg kommersielt distribusjonsnett. Staten lyste ut anbod for dei ikkje-kommersielle avisrutene i oktober i fjor, og alle trudde eksisterande avtale ville gjelde fram til nye kontraktar var skrivne. Oppseiinga kom difor overraskande på mange redaksjonar like før jul. Dei fleste trudde ein ville finne ei mellombels minneleg ordning, men realiteten er at fleire aviser no også får ei ekstrarekning på fleire hundre tusen kronar i fanget, fordi Posten på kort varsel, men heldigvis, tar på seg distribusjonen frå mars.
I Grannar er me glade for at styret såg opprørt hav i horisonten då dei i fjor vedtok å gå ned i frekvens frå to til ei papiraviser. Det bidreg til at den uføreseielege ekstrakostnaden i 2024 blir betydeleg mindre enn den kunne ha blitt. For andre aviser, som enten har venta med å ta det same grepet, eller kanskje berre har ei papiravis i veka frå før, er endringa dramatisk.
Den gode nyhenda er at Samferdsledepartementet og Posten Bring er samde om avtale om distribusjon av aviser på dei ikkje-kommersielle rutene alle vekedagar frå sommaren av, og med Aktiv Norgesdistribusjon på laurdagar. Det betyr rett nok at avisene ikkje vil nå postkassar i Grannar-distriktet på morgonkvisten, men dei som abonnerer på papiravis skal i alle fall få dagsferske aviser som før. Og alle som sel Grannar i laussal vil ha avisa i stativa sine frå morgonkvisten. Det heng saman med at desse avisene blir ein del av transport av VG og andre titlar som skal ut butikkar, bensinstasjonar og kioskar på morgonkvisten.
Samstundes er me i Grannar glade for å ha lykkast med ei omfattande digital omlegging gjennom det siste året. Det er journalistikk som er Grannar sin forretningsidé. Og me har aldri produsert meir saker enn me gjer no. Men til skilnad frå gamle dagar» må du no følgje oss digitalt for å vere oppdatert på det siste. Me publiserer mellom sju og ti store og små artiklar med lokalt innhald på grannar.no sju dagar i veka. Og me ser at eit stort fleirtal av lesarane våre les oss på nett, tidleg som seint. Det er dette som gir meg og mine kollegaer tru på at Etne og Vindafjord skal ha ei god lokalavis også i framtida!
PS! Eg minner om at også papiravisa blir publisert på nett, som e-avis i pdf-utgåve. Den er som regel klar for nedlasting frå 22-tida på onsdagar.
Torstein Tysvær Nymoen
Ansvarleg redaktør