Nils-Morten Breivik Dahl er leiar i Skjoldar IL. ARKIVFOTO: PRIVAT
Nils-Morten Breivik Dahl er leiar i Skjoldar IL.

Debatt

Fotballhallen i Vats, så mykje meir enn berre ein fotballhall

debatt@grannar.no

Har du ei meining om denne saka, eller om noko heilt anna?

Send ditt lesarbrev til debatt@grannar.no

Ikkje skriv for langt, maksimalt 850 ord. Og legg helst ved eit bilde av deg sjølv.

Den 22. oktober kunne me lesa i Grannar om skepsis til bygginga av den nye fotballhallen i Nedre Vats. Her blei det peika både på arealbruk, behov og framgangsmåte. Me i Fjordarsamarbeidet ynskjer å svara litt opp på enkelte forhold som blir trekt fram, og ikkje minst belysa kor viktig denne hallen er for ungdom ikkje berre i Vats, men også Vikebygd, Skjold, Sandeid og Vikedal. Når det gjeld formelle forhold knytta til løyver og offentlege og kommunnale godkjenningar, så er ikkje det noko me i Fjordar er involvert i eller ynskjer å ta stilling til.

Mange har nok høyrt om Fjordar det siste året, og sikkert også sett ungdommar i oransje drakter på fotballbanar rundt omkring i heile distriktet. Fjordar blei danna hausten 2024 på bakgrunn av at klubbane Skjoldar, Vikebygd, Vats 94 og Vindafjord alle såg at frafallet i fotballen var stort, og at eit samarbeid mellom klubbane var nødvendig for å kunne opprettholde eit tilbod til ungdom i kommunen som ynskjer å spele fotball. For å sikre ein felles tilhørighet og identitet der alle heier på den same drakten og det same laget, etablerte med eit samarbeid under ein nøytral fellesbetegnelse Fjordar» med ny logo og nye nøytrale drakter i forhold til moderklubbane sine draktfargar.

Nokre få kampar gjenstår no av sesongen 2025, den første sesongen for Fjordar. Me har hatt heile 9 lag i Fjordarsamarbeidet i år, og neste år auker dette til 11. Dette innebærer eit antall på ca 170 spelerar, og mellom 30 og 40 frivillige trenerar og lagleierar. Ikkje alle desse spelerane skal ein dag bli proff i utlandet. Nokre har kanskje eit mål om ein dag å spele på A-laget, mens andre igjen vil være med lenge nok til at dei ein dag får oppleve Norway Cup før dei legg fotballskoa på hylla.

Men Fjordar handlar om meir enn berre fotball. Fjordar handlar om fellesskap og samarbeid. Fjordar handlar om felles opplevingar, oppturar og nedturar. Og ikkje minst, Fjordar handlar om vennskap på tvers av bygder, alder og kjønn. Kanskje også den første kjærleiken. Men for at Fjordar skal kunne drivast vidare, så er me avhengig av tilstrekkeleg banekapasitet og treningsareal. Spesielt vinterstid kan dette vera krevande. Fotball er ikkje lenger berre ein aktivitet ein driv med sommarstid, fotball er blitt ein heilårsidrett.

Det er her hallen i Vats blir sentral. Vats har ein beliggenhet midt i Fjordarland», med forholdsvis kort reiseveg frå alle bygdene. Men Vats har berre ein bane. Kapasiteten her er sprengd. Med den nye hallen vil kapasiteten nærast dobblast. Og vinterstid vil hallen nesten være einaste alternativ for trening. Ja, me har hallen i Vik. Og den er veldig bra. Men hallen blir fort litt liten om ein skal ha 20 stk på trening. I tillegg er det eit stykke å kjøre fra Vikedal til Vikebygd for ei treningsøkt. Lang reiseveg til trening, uavhengig av om det er sommar eller vinter, kan fort være utslagsgivande på om ungdommane velger å fortsette med fotball eller om dei heller vil bruke tida på å reke gatelangs eller henge på Kiwi. Og me ynskjer jo at flest mogleg er med lengst mogleg.

Kva med hallen i Ølen? Treng me to nye fotballhallar i kommunen. Ja, me treng to hallar. Ølen Idrettslag er ikkje ein del av Fjordarsamarbeidet. Og utan at me i Fjordar har oversikt over kapasiteten i den nye hallen i Ølen, så vil det overraska stort om denne hallen ville hatt kapasitet til å tilbyd treningstid også til Fjordar. Om det, mot formodning, skulle vere tilfellet så ville det nok ikkje vore heilt uproblematisk å finne praktiske og økonomiske ordningar for to konkurrerande idrettslag å dele på felles treningsfasiliteter der den eine parten både eig og driftar anlegget.

Så la oss få opp hallen i Vats. La oss legge til rette for fysisk aktivitet for ungdom. La oss knytte bygdene i kommunen endå meir i saman gjennom fotballen. Og la oss skape vennskap og felles opplevingar ungdommen vil hugse også den dagen dei sjølv står på sidelinja som foreldre eller trenar og dirigerer neste generasjon i 4-4-2 i lokaloppgjør mot Ølen.

På vegne av styret i Fjordar Fotball

Nils Morten Dahl

Powered by Labrador CMS