Torstein Tysvær Nymoen FOTO: RINA ASPMO
Torstein Tysvær Nymoen

Kommentar

Folkekongen

Dagen i dag, torsdag 30. mai 2024, er ein merkedag for innbyggjarane i Vindafjord kommune, når Hans Majestet Kongen og Hennar Majestet Dronninga kjem på offisielt besøk til kommunen for første gong. Nøyaktig klokka 11 skal dei stige ut av sjaluppen og gå i land i Ølen.

Kong Harald (87) har vore ein sentral skikkelse i norsk historie sidan han vart kronprins i 1957 og seinare konge i 1991, etter at faren, kong Olav V, døydde. Kongen sin popularitet har auka gjennom tiåra, mykje takka vere hans opne og folkelege tilnærming til kongegjerninga. Han har fleire gonger delt både gleder og sorger med folket. Nokre hendingar blir hugsa ekstra godt, som den kjensleladde talen hans etter terroren på Utøya 22. juli 2011. I minnemarkeringa i august same år sa kongen, sitat: Tragedien har mint oss om det grunnleggjande som bind oss alle saman i vårt fleirkulturelle og mangfaldige samfunn. La oss ta vare på denne erkjenninga – og la oss ta vare på kvarandre. La oss som enkeltmenneske vere tydelege på kva vi står for, og bruke våre moglegheiter til å påverke samfunnet vi lever i på ein positiv måte.» Sitat slutt. Orda er gyldige i all overskodeleg framtid.

Engasjementet for idretten har også vore med på å folkeleggjere kong Harald. Kven hugsar vel ikkje bamseklemmen som den jublande langrennstjerna Therese Johaug, kledd i gulljakka si, fekk frå ein smørblid konge etter VM-gullet på tremila under VM i Oslo 2011? Sjølv har Kong Harald bidratt til norsk idrettsjubel med sine internasjonale medaljar i segling, kor VM-gullet med Fram X» i 1987 er den største prestasjonen.

Etter Vindafjord-besøket er Etne ein av berre 11 av landets 357 kommunar som manglar på kongen sin veg mot eit uttalt personleg mål om å få besøkt alle. Når ein veit at dei andre kommunane han manglar i Vestland (Samnanger, Vaksdal og Askvoll) er nesten ei dagsreise unna, så er det litt pussig at fylkesgrensa tilsynelatande ligg i vegen for at ikkje Kongeskipet Noreg» skal kunne dreie til styrbord ved Dreganeset når han først er så nær heimbygda til Magnus Erlingsson, som var konge frå 1161 og fram til han fall for Sverres menn i slaget ved Fimreite i 1184. Eller tenk om det var Kongeparet som nytta høvet til å opne det nye symjebassenget i Skånevik?

Slik blir det ikkje, og det er høgst uvisst om Etne kommune nokon gong får besøk av den aldrande kongen. Difor er det i dag grunn til å oppmode etnebuen til å svelgje litt stoltheit, og heller ta turen over Fikse for å hylle folkekongen saman med tusenvis av vindafjordingar under den store festdagen i Ølen.

Torstein Tysvær Nymoen, ansvarleg redaktør

Powered by Labrador CMS