Fire- eller femdagars skuleveke i Etne kommune engasjerer sterkt.Illustrasjon: Colourbox
Debatt
Femdagarsveke til det beste for familiane og elevane
Me har fylgt debatten om femdagarsveke i Etne med interesse, og dei siste månadane med aukande bekymring. Som foreldre opplever me at noverande ordning med onsdagsfri er til ulempe for eigne born og familieliv, men etter å ha lese saksutgreiinga til kommunen, ser me at saka har eit langt større alvor.
Noverande ordning med onsdagsfri råkar dei svakaste elevane i kommunen. I saksutgreiinga frå kommunen står det fylgjande, Me ser på kartleggingane at me ikkje klarer å treffa med gode nok tiltak for å støtte dei som strevar, og me ser at elevane strevar også vidare». Kommunen peikar vidare på at firedagarsveka er til hinder for å gi svake elevar dei støttetimane dei har krav på. Norske skular har dei seinaste åra hatt ein auke i fag- og timefordelinga og kommunane har fått plikt til å gi intensivopplæring på 1.-4. trinn. Dette då det i fylgje Udir er et grunnleggende problem i skole-Norge er at læringsutfordringer som oppstår tidlig, i for stor grad får utvikle og forsterke seg over tid.».
Ut frå eit generelt læringsperspektiv, understrekar også ein av Noregs fremst skuleforskarar, Thomas Nordahl, at regelmessig trening og øving er særskilt viktig for dei yngste elevane. Sjølv om timetalet fortsatt vil vere det same, vil det vere betre for alle elevar å fordele undervisningstimane på fem kortare dagar, enn fire lange. Under ei organisering med fire, lange dagar, er det igjen dei svakaste elevane som har lågast læringsutbyte. Dei får slik ein dobbel ulempe gjennom systemet.