197 Tur til Flystripa.jpg

Debatt

Er fem minuttar spart verdt å øydelegga gardar, natur og livsverk?

debatt@grannar.no

Har du ei meining om denne saka, eller om noko heilt anna?

Send ditt lesarbrev til debatt@grannar.no

Ikkje skriv for langt, maksimalt 850 ord. Og legg helse ved eit bilde av deg sjølv.

Ser at dei truar med denne nye E-134-vegen igjen. Eg ser at vegen i Etne er dårleg, men kva er gale i Ølen og Vats? Bjørgjokrysset er ordna, Fiksehumpen fjerna, gul stripe over Fikse vedtatt, gang- og sykkelsti mellom Ølen og Ølensvåg ferdig, Espelandsvingane retta ut. Kva er så gale med noverande veg at store områder skal øydeleggast? Det einaste som manglar for mjuke trafikantar er undergang i Ølen og på Knapphus og kanskje at sykkel- og gangvegene i Ølensvåg og Vats blir kopla saman. Kan det vera rett å ødelegga så mange gardsbruk, eigedomar og natur for at haugesundarar skal komma 5 minutt tidegare på hytta, og Stavangerfolk 5 minutt tidlegare til Oslo? Dei snakkar stadig om at biltrafikken må ned, men allikevel treng dei stadig fleire og større vegar? Øydelegging av natur og eigedomar blir ikkje nemnt, og erstatningane på ikkje økonomiske verdiar er nærmast fråverande. Nå høyrer eg at dei luftar bompenger, det blir tungt å godta å måtta betala for å få eigedomen redusert. Nå har det begynt med to kraftliner, så er det veg og i bakgrunnen lurer ein jernbane og. Kan det bli meir? Skipslei oppi lia er vel ikkje aktuelt, sjølv om dei kunne fått øydelagt mykje med det og. Av og til kan ein få lyst å flytta til Eikemo, der slepp dei visst veg. Synest dei som ivrar for ny veg kunne vore så høflege at dei i det minste nemner at det er synd for alle dette øydelegg for, sjølv om alle veit at dei ikkje bryr seg. Båndlegging av eigedom i årevis, som går ut på at ein ikkje får gjera noko som fører til at vegvesenet må betala meir i erstatning, går og ut over folk og bedrifter.

Til slutt får eg sei at alle vil ha veg til huset sitt, men vil ikkje bu attmed ein hovudveg, og alle vil ha straum, men ikkje ha kraftliner nær seg. Dette går jo ikkje saman, men det er vondt å sjå på øydelegginga av dalsida og at det som besteforeldre, foreldre og også ein sjølv har slete for å få til, berre skal øydeleggast, som heilt verdilaust. Det blir meir og meir som å bu i ein by.

Der bildet av barnebarna og meg er tatt, er rett ovanfor den eventuelle nye vegen, og staden blir øydelagt av den. I tillegg må me komma oss over/under vegen for å komma dit.

Ølensvåg,

28/4-25 Sverre Martin Strand.

Powered by Labrador CMS