Kommentar
Eit svik frå vaksne
Mobbing er eit samfunnsproblem. Det skjer i skulegarden, på nett, i arbeidslivet – og det skjer mens vaksne står og ser på. For sjølv om me likar å tru at me har kome langt som samfunn, ser me gong på gong at foreldre og skular ikkje maktar å verna barna sine mot å bli utstøytt, plaga og trakassert. TV2 si sak om faren i Finnmark som fekk fengselsstraff etter å ha konfrontert sonen sin sine mobbarar, er eit bevis på kor låst systemet er. Ein far som ser sitt eige barn bli utsett for vald og grov trakassering, blir fortvila. Kven ville ikkje blitt det? Han gjorde det me eigentleg forventar av samfunnet – han sa STOPP. Men han gjorde det på feil måte, og no må han betala prisen.
Burde han ha brukt truslar? Sjølvsagt ikkje. Men kven skal me eigentleg vera sinte på her? Faren, som i desperasjon prøvde å få slutt på mobbinga? Eller dei vaksne rundt som ikkje gjorde nok før situasjonen eskalerte? For kor var lærarane? Kor var dei andre foreldra? Kvifor skal foreldre til mobbeoffer trygla og be om om hjelp, mens resten av samfunnet berre trekker på skuldrene? Sanninga er brutal: Me har skapt eit system der det er lettare å lukka auga enn å ta opp kampen.
Sjølv om både Etne og Vindafjord har låge mobbetal i grunnskulen, betyr ikkje det at problemet er ikkje-eksisterande her. Når tala viser at mobbinga ligg på eit nivå som er lågare enn landsgjennomsnittet, kan det skapa eit bilete av at situasjonen er under kontroll. Men for dei enkeltindivida som faktisk blir mobba, er dette ei mager trøyst. Det hjelper lite å vita at fleirtalet har det bra, når ein sjølv kjenner seg åleine, utsett og utrygg. Kven tar ansvar? Å visa til låge tal er ikkje nok – det er handling som betyr noko.
Me må slutta å behandla mobbing som ein del av oppveksten. Det er ikkje ein prosess som markerer overgangen frå ein livsfase til ein annan». Det er vald! Og vald skal stoppast! Det krev derimot at alle vaksne tar ansvar. Det er ikkje nok å seie det er skulen sitt ansvar eller at politiet får ta seg av det. Mobbing skjer i klasserom, i gangar, på Snapchat – det skjer heile tida. Og kvar gong ein vaksen vel å ikkje gjera noko, sviktar me dei mest sårbare.
Denne faren i Finnmark angrar ikkje på det han gjorde. Det er til dels forståeleg. Men kanskje burde fleire vaksne angra på alt det dei ikkje gjorde?
Grethe Hopland Ravn, journalist