Torstein Tysvær Nymoen er ansvarleg redaktør i Grannar.FOTO: RINA ASPMO
Torstein Tysvær Nymoen er ansvarleg redaktør i Grannar.

Kommentar

Ein fullbyrda mobil-skandale

Kva gjer du om ein i familien fell om, eller på anna vis skadar seg og treng hjelp med éin gong – og så verkar ikkje mobiltelefonen? Og korleis veit du at den gamle mor di eller far din har det bra når du ikkje kan ringje dei? Og korleis skal myndigheitene varsle deg om akutte hendingar, slik dei no gjer via nettopp mobilen?

Fleire hundre mobilkundar i Vats har den siste veka vore utan dekning. I skrivande stund, tysdag ettermiddag, er dei framleis heilt utan dekning, eller har variabel dekning. Grunna feilen har delar av heimetenesta i Vindafjord også hatt store utfordringar med internkommunikasjonen – og det på tiande døgnet (!). Vats-saka er no ein fullbyrda mobil-skandale.

Dei digitale problema i Vats viser med tydelegheit baksida av eit tilsynelatande særnorsk fenomen, nemleg å alltid skulle vere fremst i køen når ny teknologi skal takast i bruk – og ikkje minst å fase ut det gamle så raskt som mogeleg. Me har frå før kunna slått fast at overgangen frå FM-nett til DAB for radiosignala enno ikkje er i mål, all den tid signala stadig fell ut både i mange tunnellar og langs travle europavegar i landet. Akkurat dette er me blitt vane til, sjølv om det enno er irriterande.

Langt verre er det at me i fredstid skal oppleve at det går nesten to veker før ein alvorleg feil på så sentral infrastruktur som mobilnettet blir retta. Eit mobilnett å lite på er noko alle norske lokalsamfunn treng i 2024, både for å fungere normalt i kvardagen og med tanke på nasjonal og lokal beredskap. Saka i Vats viser med all tydelegheit at aktørar som har fått konsesjon for å levere mobilsignal, manglar god nok beredskap når noko går i stykker. Kommunedirektør Yngve Folven Bergesen i Vindafjord har varsla at han vil kreve ei forklaring frå teleselskapet. Det er bra. Etter mitt syn bør også teleselskapa sitt tilsynsorgan, Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom), sjå nærare på kva som har skjedd, om ikkje anna for å hente lærdom.

Eit mobilnett å lite på er noko alle norske lokalsamfunn treng i 2024, både for å fungere normalt i kvardagen og med tanke på nasjonal og lokal beredskap.

Eit mobilnett å lite på er noko alle norske lokalsamfunn treng i 2024, både for å fungere normalt i kvardagen og med tanke på nasjonal og lokal beredskap.

Digitalisering bidreg utvilsamt til både framskritt og utvikling, både i Noreg og verda elles. Men har det norske storsamfunnet kanskje trykt litt for hardt på den digitale gasspedalen? I desember er det to år sidan Telenor gjorde fasttelefonen til eit museumsobjekt ved å stengje det gamle kobbernettet. Den hadde vore godt å ha i bakhand for vatsbuen den siste veka. Og i ei tid kor den sikkerheitspolitiske situasjonen i Europa har endra seg radikalt over natta, kan ein spørje om kor lite skal det eigentleg til før ei fiendtleg framandmakt kan sette sivilsamfunnet i Noreg ut av drift. I alle fall når me brukar meir enn ti dagar på å få reparert ein viktig basestasjon i mobilnettet?

Torstein Tysvær Nymoen

Ansvarleg redaktør

Powered by Labrador CMS