Ein viktig milepæl er nådd, regjeringa har starta på det viktige arbeidet med ein helhetlig og forebyggande behandlingsreform på rusfeltet. For regjeringa er dette ein viktig reform, der menneskeverd og helsehjelp står i sentrum.
Menneske med omfattande rusproblem og avhengighet har rett til eit verdig liv. I Hurdalsplattformen er Arbeiderpartiet og Senterpartiet tydelege på at det må gjerast nødvendige endringar i lovverket. Vi skal slutta å straffe rusavhengige for sin rusavhengighet og straffa skal erstattast med tilpassa helsehjelp.
Kort fortalt betyr reforma at vi skal gjere det vanskeligare å komma inn i rusavhengighet og lettare å komme ut. For regjeringa er det viktig å styrke det å forebygge og gje betre behandling og oppfølging for menneske med rusproblem. Dette gjeld også menneske som har blitt rusfri.
Vi skal bli flinkare til å forebygge og oppdage rus tidligare, slik at effektiv hjelp kan gis raskt, dette gjeld spesielt ungdom. Difor vil vi løfta eit kunnskapsbasert nasjonalt forebyggingsprogram som gjer lettare å fange opp risikoutsatt ungdom tidleg.
Regjeringa vil også utvikla behandlingstilbudet, her er arbeidet godt i gang. Milliardar meir til sjukehus, og ein klar instruks om å styrka psykisk helsevern og rusbehandling. Målet er betre hjelp og ikkje minst hjelpe fleire. For regjeringa er det også viktig å sikre at legemiddelassistert rehabilitering (LAR) er eit kunnskapsbasert men også heilhetlig tilbod til rusavhengige. Som ein del av dette iverkset vi eit prøveprosjekt med heroinassistert behandling som skal stabilisere pasientane sin avhengighet og tilrettelegga for psykososiale tiltak.
Å sikre at menneske med langvarige rusproblem ein koordinator vil sørge for ei god og samordna teneste. Samhandling mellom kommunar og spesialisthelsetenesta må fungere betre både undervegs og etter avslutta behandling.
Menneske med langvarige rusproblem må sikrast eit verdig liv, å bidra til samfunnet på ein verdig måte er viktig for alle. Derfor er bustad, utdanning ein jobb og gå til avgjerande. Samfunnet må stille opp med gode tiltak, fordi ingen skal gå vegen åleine når dei er under behandling og mot betring.
Tidligare rusavhengige skal tilbys ei framtid der dei er meir enn si fortid. Dei skal møtast på ein god måte og ta del i samfunnet på lik linje med alle andre.
Tove Elise Madland (Ap)
stortingsrepresentant,