Kommentar
Det stinkar på Toraneset
KOMMENTAR: Haugaland interkommunale miljøverk (HIM) sitt hovudkontor har med rundt 15 tilsette vore ein viktig arbeidsplass i Skjold. Men sist veke kunne Grannar avsløre at selskapet sin administrasjon har forlate Toraneset. Administrasjonen har fått nye kontor, i selskapet sitt nye arkitektteikna driftsbygning på Årabrot i Haugesund. Denne flyttinga skal ha skjedd utan at selskapet sitt øvste organ, representantskapet, kor eigarkommunane Haugesund, Vindafjord, Tysvær, Bokn og Etne sine ordførarar sit med den øvste makta, har fått det med seg. Det er oppsiktsvekkande.
Når både Vindafjord-ordførar Ole Johan Vierdal (Sp) og Etne-ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim (Sp), som leiar representantskapet, seier til Grannar at dei er tatt på senga, er det grunn til å stille spørsmål rundt samspelet mellom administrasjon, styre og eigarane. Har politikarane sove i timen? Det kan på den eine sida sjå slik ut. Fram til 2022 var det politikarar som representerte eigarane i styret. Og planlegginga av ei ny og høgst naudsynt driftsbygning på Årabrot var nok godt i gang då. Men eg har vanskeleg for å tru at politikarane har forstått at eit vedtak om ny driftsbygning på Årabrot skulle bety tømming av kontor på Toraneset.
I 2022 blei HIM-styret profesjonalisert. Då blei politikarar bytt ut med folk med spesialkompetanse på relevante fagfelt. Sikkert lurt, i ei tid kor også avfallsbransjen blir stilt overfor stadig nye krav både i høve til regelverk og anna avfallsfagleg utvikling. Planlegginga av ny driftsbygning var dessutan i gang då det nye styret overtok. Slik sett kan det nye styret kanskje unnskuldast, men ikkje frikjennast. Tidlegare Haugaland Kraft-direktør Olav Linga er styreleiar, og kjenner godt til samspelet som bør ligge til grunn mellom administrasjon, styre og eigarar i offentleg eigde selskap. Det er difor overraskande om det nye styret ikkje har ettersett at flytting av administrasjonen var politisk fundamentert.
Sett frå HIM-direktør Gro Staveland sitt nye kontor er det truleg ei rekkje fordelar med å flytte administrasjonen til byen, til dømes med tanke på rekruttering. Men her skil ikkje HIM seg frå kva private selskap i Grannar-distriktet står i når det kjem til jakta på kompetente medarbeidarar. Det er difor skuffande om HIM har gitt opp Vindafjord av den grunn. Det er bra at Vindafjord-ordførar Ole Johan Vierdal (Sp) no vil løfta saka opp for representantskapet. Men eg er redd toget har gått. Så får vi heller trøyste oss med Toraneset har fått eit nytt gigadeponi for asbest og andre forureina masser frå heile Haugalandet.
Torstein Tysvær Nymoen
Ansvarleg redaktør