Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Skribenten viser til at turistattraksjonen Langfoss i Åkrafjorden i si tid stod i fare for å bli utbygd.Foto: Privat
Skribenten viser til at turistattraksjonen Langfoss i Åkrafjorden i si tid stod i fare for å bli utbygd.

Det nyttar å kjempe

På vegen heimover til Odda etter folkemøtet på Etnemarknaden, måtte eg ta ein stopp og tenkjepause ved Langfoss i Åkrafjorden Landskapspark. På folkemøtet i Skakkesenteret sist fredag vart det stilt spørsmål ved om det nytta å kjempe mot Statnett sine planlagte monstermaster gjennom urørt natur i Etnefjella. For ein del år sidan ville kraftselskapa, kraftlobbyen og sterke politiske aktørar fleire gonger regulere Langfoss med eit totalt fall på 612 meter til kraft- og industriproduksjon. Dette store naturinngrepet vart forsvart med tap av industriarbeidsplassar i Sauda og manglande kraftalternativ.

Likevel reiste det seg eit sterk folkeleg og livskraftig engasjement for å verne Langfoss. Mot alle odds og sterke motkrefter, vart Langfoss til slutt redda. Industri- og kraftproduksjonen vart sikra på andre måtar.

På eit stort skilt ved Langfoss står det at mediagiganten CNN har kåra denne fossen til eit av dei ti vakraste fossefalla i verda. Mange turistar frå inn- og utland stoppar dagleg ved Langfoss eller opplever fossen frå skip innover Åkrafjorden. Langfoss er blitt den fremste turistattraksjonen i Etne og truleg i heile Sunnhordland / Haugalandsregionen. Fossen har òg medverka til mange nye arbeidsplassar og berekraftig omdøme.

Powered by Labrador CMS