Torstein Tysvær Nymoen FOTO: RINA ASPMO
Torstein Tysvær Nymoen

Kommentar

Dei viktigaste nyheitene

Publisert Sist oppdatert

Kjære lesar. I dag blir nok eit år avslutta med fyrverkeri og god ønskjer for det nye. I lokalavisa di har 2023 handla om endringar.

I vår endra me strategi frå tradisjonell papiravistenking, til digitalt først». Årsaka til dette er endra lesarvanar. Undersøkingar viser at berre to av ti av alle over 12 år i Noreg les papiravis. Når prisane på både avispapir og distribusjon samstundes har auka markant, var det ikkje lenger eit vanskeleg val for styret å gå ned på papiravis-frekvensen. Frå oktober har du som les Grannar difor fått berre ei papiravis i veka. Det har ikkje mangla på tilbakemeldingar på endringane, det er me som jobbar i avisa glade for. Det betyr at lokalavisa Grannar betyr mykje for innbyggarane i kommunane me dekker. Difor er me også audmjuke over at dei aller fleste tilbakemeldingane har vore positive.

Me ser også på lesartala at me har treft godt med omlegginga. Av om lag 3.500 abonnentar har over 1.500 vore innom grannar.no før dei fleste set seg i bilen og køyrer på jobb. Før påske var det sama talet på nokre få hundre. Før dagen er omme måler me no besøk av meir enn 5.000 unike nettlesarar. Tilsvarande tal før påske var så vidt over halvparten. Dette betyr at vi i løpet av nokre få månadar har Grannar blitt ein del av både morgon- og kveldsrutinen til folk. Det er viktig for oss. I tillegg til at me no leverer meir journalistikk enn før, har me har også lansert Grannarpodden – ein podcast som har slått gått an blant lyttarane.

Framleis bidreg papiravisa til viktige annonseinntekter for oss, men i tida som kjem vil truleg det digitale annonsesal ta over. Som annonsør bør du merke deg at me på normalt gode veker no har meir enn 120.000 sidevisningar. Og målingar syner at lokale annonser på grannar.no treff lokale lesarar godt. Målet til oss som jobbar i avisa, er skape ei ytterlegare auke i talet på både digitale abonnentar og sidevisningar i året som kjem.

Og du, hugs at om du bor i Vikedal, i Åkrafjorden, i Skånevik, i Etne, i Ølen, på Bjoa, i Vikebygd, i Ølensvåg, i Sandeid, i Vikedal, i Imsland, i Vats eller i Skjold, så skal du ikkje trenge noko anna enn Grannar for å bli oppdatert på dei viktigaste nyheitene – dei som skjer du bor.

Ha eit godt nytt nyheitsår!

Torstein Tysvær Nymoen, ansvarleg redaktør

Powered by Labrador CMS