Kommentar
Bru til kven?
Når 450 øybuarar i Askvoll får ei bru til 1,8 milliardar kroner, mens E134 mellom Bakka og Solheim – ei av dei mest trafikkerte og farlege vegstrekningane på Vestlandet – blir skyvd ut av Nasjonal transportplan, då er det lov å spørje kva slags prioriteringar som styrer samferdselspolitikken vår.
Når me snakkar om Bakka–Solheim, snakkar me om ein stamveg som fraktar varer verdt 135 milliardar kroner i året. Over 4.000 køyretøy – mange av dei tunge – pressar seg dagleg gjennom krappe svingar og smale parti utan gul midtstripe. Når to bilar ikkje kan passera kvarandre på E134 i Etne, og når vegen stadig stenger i fleire timar på grunn av ulykker og ras, er det ikkje snakk om ønsketenking – det er snakk om samfunnskritisk infrastruktur som burde vore oppgradert i går.
Rett skal vera rett: E134 er ein riksveg og ein del av Nasjonal transportplan – og ligg derfor ikkje på bordet til fylkespolitikarane i Vestland. Men bodskapen min gjeld like fullt dei alle, både dei som sit i fylkesting og dei som styrer i departement og storting. For ansvaret for samferdselsprioriteringar ligg ikkje berre i enkeltbudsjetta, men i heilskapstenkinga – i kva ein faktisk vel å satsa på. Når pengar blir bundne opp i bruer utan kost-nytte-vurdering, utan trafikkgrunnlag og med minimale ringverknader, samtidig som livsfarlege og flaskehals-prega vegar blir sette på vent, då seier det noko om korleis politikken fungerer – på alle nivå.
Eg er sjølvsagt klar over at det ikkje er Vestland fylkeskommune som har ansvaret for E134 – det er ein europaveg, og dermed staten sitt ansvar gjennom Nasjonal transportplan. Men det fritar ikkje fylkespolitikarane for ansvar når dei sjølve sit med ei lang liste av eigne vegprosjekt som også ropar etter utbetring. Strekninga mellom Skånevik og Nesvågen er eitt av mange eksempel i vårt distrikt: Ein viktig, rasutsett fylkesveg med dårleg standard og høg risiko, som burde vore langt høgare på prioriteringslista. Når fylkeskommunen no vel å binda opp store summar i eitt enkelt bruprosjekt, så må ein kunna stilla spørsmål ved kva for slags distriktsutvikling ein eigentleg vil ha.
Fylkespolitikarane i Vestland gav sist torsdag eit samrøysta ja til Atløysambandet – ei bru til 1,8 milliardar kroner – eller for å seie det på ein annan måte: 4 millionar kroner per innbyggar. Prosjektet må i stor grad lånefinansierast, og fylkesadministrasjonen åtvarar sjølv mot at det vil forverra eit allereie skyhøgt vedlikehaldsetterslep, der over 2.000 fylkesbruer rotnar på rot og 70 bruer er i så dårleg stand at dei i verste fall må stengast for trafikk.
For å setja tala i perspektiv: For dei same 1,8 milliardane kunne ein fått realisert 13 mindre vegprosjekt i Vestland fylke, mange av dei med tryggare skulevegar og betre løysingar for mjuke trafikantar. I tillegg kunne pengane gått til utbetring av eksisterande bruer som faktisk er i bruk av tusenvis av bilistar kvar einaste dag.
Forsvararane av Atløy-brua viser til ferjeavløysingsmidlar og håp om framtidig vekst. Men desse midlane dekker knapt halvparten, og prosjektet manglar både kost-nytte-analyse, samfunnsøkonomisk vurdering og realistiske utrekningar av trafikkgrunnlag.
Så kva fortel dette oss? At politisk prestisje og symbolpolitikk kan overkøyra både faglege råd og samfunnsnytte. At det framleis er lettare å få pengar til noko nytt og synleg enn å ta vare på det me allereie har. Og at liv, verdiskaping og trafikktryggleik mellom aust og vest blir sett til sides – mens bruer til småsamfunn utan kø og utan analyse blir prioriterte.
Både E134 Bakka–Solheim, og ei uendeleg lang liste over vegar og bruer i fylket, burde vore høgare på prioriteringslista. I staden ser det no ut som at fleire prosjektet fell lengre ned for kvar gong politikarane lar seg blenda.
Grethe Hopland Ravn
Ansvarleg redaktør (konst.)