Kommentar
Breie glis og bitre piller
KOMMENTAR: Folket har talt, og akkurat som for fire år sidan er det Senterpartiet som no kan lene seg godt tilbake i ordførarstolen, både i Vindafjord og i Etne.
Ole Johan Vierdal i Vindafjord har grunn til å vere mest nøgd av dei to Sp-ordførarane. For der er Sp det største partiet. Og sjølv om tilbakegangen på fire prosentpoeng bør vekke ei viss uro, og Modolf Haraldseid (H) kryssa fingrane for at eit av partia i den sitjande koalisjonen skulle trekkje seg ut for å opne døra mot dei borgarlege dei neste fire åra, så var det i realiteten lett match for Sp å sikre samarbeidet med KrF og Ap også for dei neste fire åra. Det betyr at høgresida i Vindafjord igjen finn seg sjølv i opposisjon. Det er nok ekstra surt å svelgje når det elles skyl ei blå bølgje over landet.
I Etne er bildet litt annleis. Der er ikkje Senterpartiet størst lenger. Det er det Framstegspartiet som er, vel å merke med ein margin på berre tre røyster. Men det faktumet er openbert eit sviande myggstikk for Sp. Frp kan takke sin ordførarkandidat Kenneth Karlsen for sin delsiger. Han dreg utrøytteleg ombodsmann»-kortet, og får mange klapp på skuldra også frå folk som ikkje røyster på han. Måten han har handtert varaordførar-rolla på i siste periode har truleg også bidratt at det ikkje lenger er berre i heimbygda Skånevik han sankar røyster, men også i Etne-krinsen.
Men så var det dette med politikken, og det som skjer i kulissane. For det er jo ikkje slik i eit kommunedemokrati at det er det enkeltpartiet med flest røyster som får bukta og begge endane. Så lenge du har mindre enn 50 prosent av mandata i kommunestyret er du heilt avhengig av få til eit samarbeid med andre. Det skulle jo elles berre mangle. Er det ikkje demokrati i Etne?» spør nokon litt flåsete etter at Frp ikkje kom til makta trass i at dei er største parti. Jo, det dette som er demokrati. Hadde det vore så enkelt at det var det største partiet som fekk makta, så hadde til samanlikning Noreg vore Ap-styrt samanhengande sidan stortingsvalet i 1927. Det skulle tatt seg ut.
Og desse spelereglane kan Etne Frp betre enn dei fleste. I 2015-valet bidrog nettopp Frp til at valets store vinnar, Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim (Sp) ikkje vart ordførar den gongen. Det sjølv om Sp var mykje større enn det Frp er i dag, og sjølv om Bergsvåg Ekrheim fekk flest personstemmar og slengjarar. Den gongen var det Siri Klokkerstuen (Ap) som vart ordførar etter at Ap, KrF – og nettopp Frp — nokså overraskande slo sine pjaltar saman. Samarbeidet sprakk ganske raskt, men Klokkerstuen kunne likevel halde fram med kjede om halsen ut perioden.
Denne gongen fann Sp tonen med Ap, KrF og Høgre. Den koalisjonen er kome på plass etter ei særs synleg Høgre-finte som nok kjem overraskande på fleire av deira veljarar i Etne kommune, og som tvilsamt bygger bru til Frp i dei første svingane i kommunestyret. Og Ap kan gle seg over godt kortspel som no er premiert med varaordførarplass.
Med dette er fredspipa», som Sp tente etter sitt brakval i 2019 då dei rundhanda delte ut posisjonar til dei fleste pari, sløkt. Og den som sit att med Svarte-Per er Etne sitt største parti, Frp.
Torstein Tysvær Nymoen
Ansvarleg redaktør i Grannar