Torstein Tysvær Nymoen
FOTO: RINA ASPMO
Kommentar
Bakka-Mo må med!
Regjeringa har ambisjonar om å leggje fram sitt forslag til ny Nasjonalt transportplan (NTP) før påske. Dei som var til stades under den store vegkonferansen i Aksdal sist torsdag, kor mellom andre statsråd Tom Kalsås (Ap) og utbyggingsdirektør Kjell Inge i Statens Vegvesen stod på scena, forstår at dei som håper på at ny E134 Bakka-Solheim skal vere nemnd i NTP, ikkje treng å sette champagnen fremst i kjøleskapet.
For statssekretæren gjentok det me har høyrd frå samferdslemakta i fleire år no. Nemleg at mange kjem til å bli skuffa over neste NTP. Staten har no større fokus på å ruste opp gamal veg framfor å gå i gang med mange nye. Isolert er det smart og rett. Kalsås peikte vidare på at den globale sikkerheitssituasjonen endra seg dramatisk dei siste åra, og regjeringa er nøydd til å bruke vesentleg meir pengar på landets forsvar. Med det bakteppet trur eg vi på sørvestlandet skal vere glad for at Rogfast-bygginga er i full gang, og at det ligg an til byggjestart for ny tunnel mellom Seljestad og Røldal i år. Det kjem i første rekke lastebilnæringa, som er særs tung i vår region, til nytte – men betrar også trafikktryggleiken og reisetida mellom aust og vest for oss alle.
Men skal vi i Grannar-distriktet være nøgd med det? Nei. På ingen måte. Eg trur ikkje nokon vil rynke på nesa over ein påstand om at langs heile E134, som strekker seg frå Haugesund lufthamn i vest til E6 i Frogn i Akershus i aust, så er den dryge mila mellom Bakka i Stordalen og Mo i Etne den farlegaste på heile Europavegen. Nokon vil nok også trekke fram nokre av knausane over Fikse, men desse ligg an til å bli fjerna i samband med det pågåande gul stripe»-prosjektet.