Andreas Grumheden er gruppeleiar i Etne Ap.
Foto: Grethe Hopland Ravn
Debatt
Arbeiderpartiet gir næringslivet trygge og føreseielege vilkår
Sunnhordland og Noreg står ovanfor store utfordringar, og haustens val handlar om kva samfunn me ynskjer for framtida. Høgre vil endre kurs – men kva for ein kurs vil dei eigentleg ha? Etter tre år med Arbeidarpartiet sin aktive næringspolitikk peikar pilene rett veg, med eksportrekordar og historisk låg arbeidsløyse. Er det denne kursen Høgre vil vekk frå?
Høgre sine spinndoktorar i Oslo prøver desperat å svartmale situasjonen i norsk næringsliv, men tala fortel ei anna historie. Etter å ha rydda opp etter Høgre og Erna Solberg, ser me at Arbeidarpartiet sin politikk byrjar å virke.
Nyleg besøkte Vestland Arbeidarparti Bømlo Skipsservice i Langevåg, der talet på tilsette har dobla seg sidan 2019. Bedrifta har investert i det som er Europas største skipskran og auka omsetninga med 120 millionar i 2024. Det er framoverlente bedriftsleiarar og fagarbeidarar i verdsklasse som gjer dette mogleg.