G14-laget var eit tre Etne-lag som tok med seg pokal heim frå Odda. FOTO: PRIVAT
G14-laget var eit tre Etne-lag som tok med seg pokal heim frå Odda.
Når spelarane ikkje spelte kamp sjølv heia dei fram andre Etne-lag. FOTO: PRIVAT
Når spelarane ikkje spelte kamp sjølv heia dei fram andre Etne-lag.
I J13-klassa stilte Etne med to lag. FOTO: PRIVAT
I J13-klassa stilte Etne med to lag.
Etne sitt J14-lag med pokalen etter fem strake sigrar. FOTO: PRIVAT
Etne sitt J14-lag med pokalen etter fem strake sigrar.
Markus Thomason reddar eit straffespark i straffesparkkonkurransen i G15/16-klassa. FOTO: PRIVAT
Markus Thomason reddar eit straffespark i straffesparkkonkurransen i G15/16-klassa.
I J15/16 samarbeider Etne IL og Ølen IL om eit lag. Laget vann B-sluttspelet. FOTO: PRIVAT
I J15/16 samarbeider Etne IL og Ølen IL om eit lag. Laget vann B-sluttspelet.
Etne gjekk til topps i G15/16-klassa. FOTO: PRIVAT
Etne gjekk til topps i G15/16-klassa.
Ølen IL og Etne IL sitt samarbeidslag i J15/16-klassa. FOTO: PRIVAT
Ølen IL og Etne IL sitt samarbeidslag i J15/16-klassa.

Sport

Suksess på cup

Etne IL nådde finalen i alle klassane dei stilte lag i under Zinken Cup i Odda i helga. Tre av laga gjekk heilt til topps.

Publisert Sist oppdatert

I J13-klassa stilte Etne med to lag. Dei møtte kvarandre i semifinalen, som enda 1–1, og det var laget med namnet Etne 2 som gjekk til finalen. Der tapte dei 2–0 mot Norheimsund/Øystese.

G14-laget til Etne vann alle dei fem kampane sine på veg mot pokalen. Dei sleppte berre inn mål i finalen mot Haugar 1, som dei slo 2–1. Lukas Tendal skåra begge måla i finalen.

Etne J14 spelte éin uavgjort kamp i gruppespelet og vann resten. I finalen slo dei Stegaberg 3–0 etter mål av Inger Rullestad, Astrid Kvalvågnes og Madelen Haugen.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS