Vikedal NMK markerte seg sterkt under helgas NM-runde i rallycross. Åsmund Holten kunne klatra til topps på sigerpallen, medan Bjørn Cato tok andreplassen, bak Thomas Hårberg, Verdal/Levanger.
Foto: Privat
Stor helg for NMK Vikedal – to på pallen
Åsmund Holten (26) gjekk heilt til topps, medan Bjørn Cato Aarekol (19) avanserte til tredjeplass.
To NMK Vikedal-førarar på pallen i ein NM-runde er ikkje kvardagskost. I helga skjedde det på Gol under fjerde av fem NM-rundar i rallycross. Spesielt Åsmund Holten hadde to gode dagar bak rattet og tok ein fortent siger i A-finalen der han hadde beste startposisjon.
— Går for gull
Sjølv er 26-åringen godt tilfreds med køyringa og ser fram mot den avgjerande finalen på Finnskogane om knappe to veker.