Inger Constanse Eidhammer Lunde tok bronsemedalje under fredagens UM-finale på Jessheim.
Sette personleg rekord på 100-meter
Aldri før har Inger Constanse Eidhammer Lunde frå Etne trena så konsentrert som ho har gjort denne sommaren, og fredag fekk ho endeleg løn for strevet. Ho deltek i ungdomsmeisterskapen (UM) på Jessheim i helga, og fredag skulle finalen på 100-meter gjennomførast. Dette er favorittdistansen til 17-åringen, og det heile starta med tre heat, der dei to raskaste i kvart heat kom direkte til finalen. Lunde sprang inn til ein tredje plass i dette heatet, med tida 12.68. Då dei tre heata var gjennomførte og seks finalistar var på plass, var det to ledige plasser igjen i finalen. Då Lunde kunne visa til 4. beste tid av alle løparane, fekk ho tildelt finaleplass.
— Heatet til Inger Constanse var eit veldig tøft heat, med mange sterke løparar, seier Gøril Eidhammer som er mor til Lunde.
12.57