Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

16-åringen Casper Haraldseid(venstre) skåra to mål mot Avaldsnes 2. Her med Ola Vannes etter kampen mot Vedavåg 2 tidlegare i sesongen. ARKIVFOTO: MAGNE SKÅLNES
Casper Haraldseid (venstre) skåra fire mål mot Avaldsnes 2. Her med Ola Vannes etter kampen mot Vedavåg 2 tidlegare i sesongen.

Målrik omgang enda med tap

Korkje gjestene Avaldsnes 2 eller Fjordar greidde å finne nettmaskene i første omgang. Laga gjekk til pause med eit 0-0 resultat. Begge lag stilte med rikhaldige troppar i kampen på Hatteland Stadion i Vats fredag kveld. Ein kunne sjå kjende namn som Vegard Nordtveit, Tore Berakvam Stokka, Morten Frøland og Kristian Langeland i Fjordar sin tropp. Men ting byrja ikkje å skje før etter kvila.

Fem mål etter pause

Bortelaget var først ute med å skåre mål, og det kom endåtil tre av dei på åtte minutt tidleg i omgangen. Men heimelaget gav ikkje opp, sjølv om det såg noko håplaust ut. 16-åringen Casper Haraldseid fekk inn ei redusering 20 minutt før slutt, og då same mann sette inn eitt til to minutt før full tid, vart det tent eit håp om poeng for heimelaget. Men noko utlikningsmål kom ikkje, og det enda med eit knipent tap for Fjordar.

Powered by Labrador CMS