Karina Sævik (f.v.) har vore fast Noreg i sine landslagstroppar. Nå fortsett ho klubbkarrieren i Vålerenga. Her saman med Mari Haug Saltnes under jentefotballdagen i Etne i fjor haust.
Arkivfoto: Svein-Erik Larsen
Jubilerte for Noreg med assist
Etne-busette Karina Sævik (26) blei bytta inn til sin 30. landskamp då Noreg slo New Zealand 2-0 heime på Ullevaal Stadion laurdag kveld. På overtid noterte Avaldsnes-spelaren seg for ein noko spesiell målgivande pasning med ryggen.
Sævik blei bytta inn for bytta inn for Manchester City-spelar Julie Blakstad etter 73 minutt. Då leia Noreg 1-0 etter at Lyon-stjerne Ada Hegerberg hadde vendt opp og scora med eit hardt skot etter 34 minutt. Kampens siste corner enda opp etter klabb og babb, sist i ryggen til Sævik, opp med at Brann-spelar Guro Bergsvand kunne fastsette sluttresultatet til 2-0 på volley.
Kampen laurdag er Noregs beste kvinner sin nest siste i oppkøyringa til EM i England i juli. Onsdag ventar Danmark i Viborg.
Noreg spelar sin første EM-kamp mot Nord-Irland 7. juli, før dei møter vertsnasjonen 11. juli og avsluttar gruppespelet mot Austerrike 15. juli. Finalen blir spelt på Wembley i London 31. juli. Noreg har tatt medalje i ni av dei tolv europameisterskapa for kvinner som har blitt arrangert, der av to gull (1987 og 1993). Dei var i sin førre finale i 2013, då dei tapte 1-0 mot Tyskland. Kaptein Maren Mjelde uttala på pressekonferansen under uttaket at målet denne gongen er å ta medalje.
Sævik som bur i Etne med kjærasten Sindre Kringlebotten som speler på Etne IL sitt A-lag, har blitt eit fast innslag i landslagstrenar Martin Sjøgren si tropp.