Birk Phuangkaew Hesjedal stuper inn eitt av sine to mål i kampen mot Kolnes 2.
FOTO: MAGNE SKÅLNES
Festfotball i Skånevik
La det vera sagt med ein gong. Kolnes 2 er botnlaget i divisjonen, og var aldri på høgde med Skånevik i kampen på den nye kunstgrasbanen i Skånevik. Skånevik sine spelarar var meir lette på foten, bedre trent, og hadde det som skulle til for å bryte igjennom og komme til målsjansar. Effektivt og målretta spelte heimelaget ut Kolnes 2, og måla kom jamnt og trutt.
Fire mål på dei første 20 minutta
Birk Phuangkaew Hesjedal slo an tonen med si 1-0 heading etter 5 minutt. Erik Samland Tendal auka til 2-0 etter fint spel, og minuttet etter sette Johannes Johansson Garvik inn 3-0 0 på eit kontrollert skot.