Bygdesamarbeid gjev elitefotball
Med spelarar frå heile Grannar-regionen har Ølen IL sine 14-15-åringar spelt på det øvste nivået i fylket. Dei har tukta lag som Viking og fjorårets kretsmeister Hinna, i G15 Elite denne sesongen.
Det litt merkelege fotballåret 2020 går mot slutten. A-laga i regionen fekk heile sin sesong avlyst grunna koronaen, men for dei aldersbestemte laga har det vore fullt køyr sidan august. For dei rundt 30 spelarane i 05 og 06-årgangane i Ølen IL har det vore travle månader, med seriespel for to lag. Forutan elitelaget har dei óg hatt eit lag som har spelt i G16-serien. Sjølv om laget formelt heiter Ølen IL, kjem det spelarar frå bygder som Etne, Vikedal, Sandeid, Vats, Ølen, Ølensvåg, Bjoa, Imsland og Skjold.
Stort nedslagsfelt
Nils Are Golf frå Vikedal fortel at fleire av klubbane i distriktet sleit med å stille eigne lag for to-tre år sidan. Så i staden for å sitje på kvar si tue med for lite mannskap, drog han og fleire i gong samarbeidsprosjektet som ein ser fruktene av i dag.