Stor deltaking under KM i orientering på Fjellstøl. Einar Marius Hjellestad Martinsen (t.h.) frå Vindafjord Orientering blei andremann i seniorklassen.Foto: Privat
Stor deltaking under KM i orientering på Fjellstøl. Einar Marius Hjellestad Martinsen (t.h.) frå Vindafjord Orientering blei andremann i seniorklassen.
I sitt åttiande år er vatsbuen Ingebrigt Gule framleis aktiv i o-sporten.
I sitt åttiande år er vatsbuen Ingebrigt Gule framleis aktiv i o-sporten.
Løpsleiar Jon Magne Svendsbø hadde kontroll på arrangementet.
Løpsleiar Jon Magne Svendsbø hadde kontroll på arrangementet.

Andreplass på heimebane

Vikebuen Einar Marius Hjellestad Martinsen sprang inn til andre plass under krinsmeisterskapen. Løpet gjekk på Fjellstøl og var det første store arrangementet i regi av nystarta Vindafjord Orientering.

Publisert Sist oppdatert

Heile 118 deltakarar sprang i dei åtte løypene som løypeleggjar Einar Martinsen hadde laga frå Fjellstøl skianlegg til sundagens KM for Rogaland. Dei lengste løypene gjekk rundt Eivindåsen nær Øklandsvatnet og nesten opp til Opheim og tilbake igjen over heiane, ikkje langt frå lysløypa. Løypelengdene varierte frå 1,7 km for dei yngste nybyrjarane til 7,5 km for seniorherrane.

Den beste lokale prestasjonen stod Einar Marius Hjellestad Martinsen frå Vikebygd for. Han tok sølv i seniorklassen H21-, berre 40 sekundar bak vinnaren, Harald Kalager frå Stavanger Orienteringsklubb.

Det nystarta Vindafjord Orienteringslag hadde ti deltakarar med på løpet i ymse klassar, men var også representert med eit godt apparat for å avvikla den store konkurransen i det etter kvart klissvåte vêret med tunge og våte myrar for deltakarane.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS