Mange nordmenn skal feriere i utlandet i 2025.
Foto: Getty Images / Virke
Virke: Nordmenn vil bruke rekordmykje på ferie i 2025
– Norsk økonomi, og dermed også folke sine eigne lommebøker, går betre tider i møte. Etter reallønnsvekst i lønnsoppgjeret 2024 har mange fått betre råd. I tillegg er prisveksten på veg mot målet på to prosent i år, og vi ventar at styringsrenta skal setjast ned i løpet av året, seier bransjedirektør for reiseliv i Virke, Audun Pettersen, i ei pressemelding.
Han reknar med at den auka kjøpekrafta vil vere med på å bidra til at nordmenn også i 2025 vil kunne bruke pengar på reiseopplevingar.
Virke sin innsiktsrapport frå reiselivsbransjen, Reisepuls, viser at norske hushald i snitt vil bruke 53.150 kroner på ferie i 2025. Det er ein auke frå året før, der nordmenn i snitt planlagde å bruke 45.900 kroner. resultata indikerer at 22 prosent vil bruke litt meir eller mykje meir pengar på ferie i 2025, enn i 2024.