Vindafjord ei sinke i fiber
Nye tal viser at Etne ligg rimeleg godt an i å tilby folk tilgang til internett via fiberkabel. Vindafjord er derimot ei sinke i fiber og må i større grad stole på telefoni og mobilmaster.
Nkom (Norsk kommunikasjonsmyndighet) presenterer nye tal for dekninga med breiband, både for regionar og alle kommunane i landet. Den regionale statistikken viser at det framleis er store geografiske forskjellar i tilbodet om raskt breiband for både husstandar og verksemder.
Stor forskjell
Eksempel på denne forskjellen finn ein kanskje noko overraskande også mellom Etne og Vindafjord. Det handlar først og fremst om raskt breiband via fiber. Den nasjonale målsettinga er at alle skal ha breiband på minst 100 Mbits/s innan 2025. Ny alternativ er på veg, men spesielt i distrikta er fiberkabel det raske alternativet enn så lenge.