Vil gjera norsk skule til verdas beste
Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun møtte engasjerte deltakarar i Etne kommune for ein viktig samtale om framtida. Ein samtale som tok fleire kritiske tema, blant anna skjermbruk, vald og truslar i skulen, samt behovet for meir praktisk læring.
— Me skal ha verdas beste skule!
Med eit sterkt engasjement opna kunnskapsministeren talen sin i Litlesalen på skakke måndag ettermiddag med å understreke regjeringa sitt mål om å løfta norsk skule til verdsnivå.
— Målet vårt er at alle ungar får det dei treng for å kunna leva gode, trygge og frie liv, sa Nordtun.