vgs
Ølen vgs er blant skulane Rogaland fylkeskommune driv.Arkivfoto

Vidaregåande skular i Rogaland vil masseteste elevar

NPK-NTB: Rogaland fylkeskommune ønskjer å masseteste elevar i vidaregåande skular for koronavirus. Målet er å halde skulane opne sjølv med høgt smittetrykk.

Førespurnaden om å bli med er send ut til vidaregåande skular i heile Rogaland, skriv Stavanger Aftenblad.

— Vi håpar å byrje med rundt ti skular. Alle elevane skal testast to gonger i veka, og det skal gjerast på skulen. Målet er at jamleg massetesting skal redusere smittespreiing, seier fylkesordførar Marianne Chesak.

Ho håpar tiltaket vil føre til færre i ventekarante og ein meir normal kvardag for elevane.

Det er opp til rektorane ved kvar enkelt skule å bestemme om dei skal vere med på massetestinga.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS