Kinosjef Ingvild Slåke (t.v.) og dagleg leiar på Skakke, Gøril Eidhammer byr på fleire filmar i påsken.
Arkivfoto: Grethe Hopland Ravn
Variert kino-meny for store og små
— Dette er ein av dei kjekkaste dagane i året, og i år har me eit godt program for heile familien. Me har masse gode filmar, 12 til saman der 3 er heilt nye, seier dagleg leiar Skakke, Gøril Eidhammer og lovar eit tettpakka program frå tidleg morgon til seint på kvelden.
For dei unge kinogjestene er nyinnspillinga av julefilmen Tre nøtter til Askepott ein film det er verdt å få med seg, og før filmen rullar over lerretet blir det høve for publikum til å delta på ein av fleire aktivitetar som står på programmet denne dagen. Ein neglebar, ein sminkebar og frisør står klar til å forvandla små og store kinogjengerar til prinsar og prinsesser, og etterpå blir det høve til å få seg eit bilde med heim som minne.
— Me blei inspirert av filmen og nå kan alle som ønskjer det bli prins eller prinsesse for ein dag. Det er ingen aldersgrense, seier Skakke-leiaren.