Valde å bli norsk statsborgar
139 nye statsborgarar frå Rogaland er nyleg feira i Stavanger, og éin av dei var ein vindafjording: Vanessa Paola Poma Rosas (38). — Det var stas, nå er eg glad, fortel Vanessa.
Poma Rosas er opphavleg frå Lima, Peru og har budd i Noreg sia 2008. Å oppnå statsborgarskap er ein milepæl i ei over ti år lang reise i å lære seg norsk språk, kultur og stadig kjenne seg meir heime her til lands. Den starta med at ho trefte Tor Åge Hundseid frå Vikedal under Sildajazzen i Haugesund, då ho følgde bestemora til Noreg på eit slektsbesøk. Saman har dei dottera Sigrid Valentina Hundseid (3).
— Det var ein flott seremoni i Stavanger, og eg kjenner meg stolt, glad og tilfreds nå. Eg har ein god mann og ei fin jente, og har funne meg godt til rette i det norske samfunnet.
Seremonien i Kuppelhallen i Stavanger blei leia av Fylkesmannen i Rogaland, Magnhild Meltveit Kleppa. Heile 52 nasjonar og 19 kommunar i Rogaland var representerte.