Vakre juletonar i Vats kyrkje
I tradisjonens tru stiller KOR´e Vindafjord opp med julekonsert. Denne desemberkvelden er det Vats kyrkje som blir fylt med juletonar.
Kyrkjekonsert før jul med vakker julemusikk framført av lokale kor, høyrer med i førjulsstria.
Tid for ettertanke og påfyll. Høgtidsstund i Vats på ein vanleg tysdag.
Konserten opna med Vitae lux – livets lys. Det høvde bra ein mørk desemberkveld. Nydeleg musikk og vakre tonar fylte kyrkjerommet i Nedre Vats. Varm og fint pynta kyrkje, med engler daler ned i sjul» og julekrybba, som symboliserer kvifor me feirar jul. Rutinerte og flinke koristar leverte den eine vakre julesongen etter den andre. Songane kom som perler på ei snor, like mange i talet som talet på kormedlemmer.
Framføringa vitnar om at dette har dei gjort før. Solistane var mange og rutinerte Gunn Rakel T. Jarmer skuffa ikkje idag heller. Mitt hjerte alltid vanker», blei vakkert framført av Tove Mette Stødle, med stødig stemme som bar songen inn til publikum.