Heile 15 prosent av lærarar i grunnskulen har ikkje godkjent utdanning. Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB / NPK
Heile 15 prosent av lærarar i grunnskulen har ikkje godkjent utdanning.

Uroa for mangel på lærarstudentar

Søkjartala for hovudopptaket ved høgare utdanning viser ein nedgang i talet på søkjarar til alle lærarutdanningar. Verst er det for lærarutdanninga for 5.-10- trinn, med ein nedgang på 15 prosent samanlikna med året før, skriv NRK Nordland.

Gisle Pettersen er studierettleiar for grunnskulelærarutdanninga ved Nord Universitet i Bodø, og han er ikkje overraska over at der er så mange ledige plassar på lærarstudia.

– Det er dessverre ikkje ein ny situasjon. Slik har det nemleg vore i fleire år. Årsaka er kompleks, seier han.

Pettersen trekkjer fram at pandemien har vore med på å synleggjere for folk kor krevjande yrket kan vere. I tillegg trur han at lønn og arbeidstid kan vere medverkande faktorar for kvifor søkjartala er så svake.

Utdanningsforbundet er bekymra over mangelen på studentar.

– Læraryrket har ei stor rekrutteringsutfordring, og det blir ikkje betre. Vi er tett på ei krise, seier leiar i Utdanningsforbundet i Nordland, Anita Karlsen.

Ifølgje Karlsen er ei av dei største utfordringane at nokre kommunar sit utan ein einaste kvalifisert søkjar til lærarstillingar, spesielt i mindre kommunar. Ho kallar utviklinga lite distriktsvennleg.

Ifølgje SSB jobbar 40.000 med lærarutdanning andre stadar enn i skulen. Ifølgje Karlsen kan ei løysing vere å få tilbake dei som har riktig utdanning, men som jobbar andre stader.

Ho poengterer òg at for å få bukt med mangelen på lærarar i distriktet må ein òg sjå på sjølve utdanninga.

– Om folk for moglegheit til å ta lærarutdanning i distriktet og kan utdanne seg der dei bur, vil vi nok kunne auke talet.

(NPK)

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS