Laksesmolten reiser til Norskehavet.
Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB / NPK
Unglaks samlar seg i Norskehavet
Det har lenge vore eit mysterium kva som skjer med laksen etter at smolten har reist ut frå fjorden og ut i havet. No har forskarar funne svaret.
Vidar Wennevik er éin av forskarane bak ein studie som har analysert 10 000 tråltrekk for å lære meir om kvar laksen er dei første månadane i havet. I denne studien har dei funne ut at laks frå fleire regionar i Europa samlar seg i delar av Norskehavet.
Det skriv Havforskingsinstituttet på sine nettsider.
– Etter at laksesmolten har vandra ut frå ferskvatn til saltvatn, veit vi lite om kva som skjer med han. Det vi veit er at få kjem tilbake til opphavselva som vaksen laks. Dei aller fleste døyr i havet. Dessutan ser vi at dødelegheita varierer mykje mellom elver og regionar, og mellom år, seier Wennevik.
Han understrekar difor at for å forstå årsakene til den store variasjonen i dødelegheit, er det viktig å vite kvar postsmolten vandrar i havet.