Liv Tungesvik ved pasjonsvisaren då den hang på organistkontoret sist vinter.
Liv Tungesvik ved pasjonsvisaren då den hang på organistkontoret sist vinter.
Det er taket på tårnet til Skånevik kyrkje som er så dårleg at takheller ramlar ned.FOTO: TORSTEIN NYMOEN
Det er taket på tårnet til Skånevik kyrkje som er så dårleg at takheller ramlar ned.
Pasjonsvisaren i Skånevik skrik etter restaurering. FOTO: NIKU
Pasjonsvisaren i Skånevik skrik etter restaurering.

Ukjent kulturskatt

På det tidlegare organistkontoret ved Skånevik kyrkje er det ikkje så mykje. Berre nokon gamle puter – og ein sjeldan kulturhistorisk skatt.

Publisert Sist oppdatert

Ifølgje ein fersk rapport frå Norsk institutt for kulturminneforsking (NIKU) finst det berre ni såkalla pasjonsvisarar, som framstiller Kristus si lidingshistorie, i norske kyrkjer. Ein av dei heng i Skånevik kyrkje – bortgøymd på det gamle organistkontoret.

Pasjonsvisarane vart måla i perioden frå 1730 til 1770, og var truleg viktige for folk i denne 40-årsperioda. Dei er ifølgje NIKU, som på oppdrag frå Riksantikvaren har laga ein tilstandsrapport, eit skandinavisk fenomen. NIKU viser til at det har vore lite fokus på desse verka tidlegare. Ein har merka seg dei i samband med anna arbeid med å registrere kyrkjekunst, og det vart løyva midlar til ei kartlegging og tilstandsrapportering av verka som heng i kyrkjene.

I dårleg hald

Pasjonsvisaren i Skånevik vart truleg flytta over frå den gamle og til den nye kyrkja som vart innvia i år 1900. Ifølgje eit jubileumsskriv som vart laga i samband med kyrkja sitt 100-årsjubileum, hang den i sakristiet ved tusenårsskiftet, men uten at nokon veit kvifor vart den på eit tidspunkt flytta til organisten sitt kontor i kyrkja. Det er eit kontor som i dag ikkje er i bruk.

NIKU-rapporten fortel at måleriet er i nokså skrøpeleg forfatning. Mellom anna er det fire hòl i den, og malinga flassar av. Nokre av skadane blir beskrive som mekaniske, mens anna skadar truleg kjem av at det snart 300 år gamle kunstverket har vore utsett for direkte sollys. Den er plassert i tilhøve-kategori 3. Det er den verste, og ein slår fast at tiltak bør setjast i verk med ein gong for å berge den.

Kyrkjeverje Aud Jorunn Baustad i Etne og Skånevik visste ikkje om rapporten før Grannar opplyste ho om saka.

— Eg hugsar at me bidrog med tilgang til Skånevik kyrkje i samband med kartlegginga, men har ikkje høyrt noko sidan, fortel ho.

No vil ho ta kontakt med biskopen for å få klarheit i korleis dei skal ta vare på den sjeldne skatten.

Håpar på restaurering

Liv Tungesvik var leiar av soknerådet i Skånevik i ein 30-årsperiode fram til ho gjekk av ved siste val. Ho fortel til Grannar at dei fleire gong har snakka om at pasjonsvisaren skulle ha hengt ein plass sånn at den var synleg for kyrkjelyden.

— Den har vore vurdert flytta på fleire gonger, fortel ho.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS