Vidar Aastvedt er leiar i Etne Sau og Geit.
Foto: Grethe Hopland Ravn
Tiltak mot blåtungevirus – NM i Etne går som planlagt
NM i saueklipping i Etne til helga går som planlagt. Det skal ikkje fare for smitte av det frykta blåtungeviruset, ifølgje arrangøren.
Det har vore fleire tilfelle av blåtungevirus i fleire europeiske land den siste tida. I september blei virussjukdommen påvist på sau i Noreg. Det er ikkje påvist smitte blant sau i Vestland fylke, og i Rogaland er det berre påvist eit tilfelle i Sokndal.
Smitte via insekt
Sjukdomen smittar ikkje direkte mellom dyr, men viruset blir overført frå dyr til dyr gjennom blodsugande sviknott. Som eit tiltak for å førebyggja smitte mellom klauvdyra blei sauekåringa på bondemarknaden i Ølen sist helga avlyst.