Hatteland Kjemi kan nå tilbyr spektakulære lasershow som eit alternativ til fyrverkeri.
Foto: Privat
Tilbyr annleis fyrverkeri
Ved Hatteland Kjemi AS i Vats har dei lang erfaring med produksjon og bruk av fyrverkeri. Nå kan dei også tilby eit alternativ fyrverkeri basert på laserstråler.
— Dette er eit supplement til fyrverkeri, seier dagleg leiar i Hatteland Kjemi AS, Fredrik Meyer Vangsnes.
Det er ikkje første gong fyrverkeriavdelinga til Hatteland tek i bruk laser for å skapa effektar, men nå tek dei steget vidare og tilbyr dette i tillegg til tradisjonell fyrverkeri til kundar som ønskjer litt ekstra til den store festdagen.
— Me har hatt laser i mange år. Me fekk det første for 20 år sidan. Nå har me funne det hensiktsmessig å driva med, og me startar å bli klar til å levera til arrangement, seier Vangsnes.