Tove Elise Madland (Ap) på talarstolen i Nordisk Råd.
Foto: Privat
Talte til 80 parlamentarikarar frå Norden
Frå måndag til torsdag denne veka har den ferske rikspolitikaren frå Vindafjord vore i København i samband med Nordisk Råd sin 73. sesjon. Over 80 parlamentarikarar frå dei nordiske landa var samla for å diskutera saker som angår Norden.
— Sjølv var eg på talarstolen og bad våre nordiske statsministrar sjå på kva ein kan gjera for å sika våre gjestearbeidarar covid-vaksine. Importsmitte er ei utfordring for alle, og Vindafjord kommune har sjølv kjent på dette som også andre nordiske land har gjort, seier ho i ei e-post-melding til Grannar.
Hennar innlegg var som følgjande: