Her er Røde Kors-gjengen på besøk i stova hos Mari-Anne Heggebø Kro (framme). Stian Grindheim (framme t.v.), og Espen H. Heggelund (bak t.v.), Erlend Håheim (bak t.h.) og Nils Saltnes (framme t.h.). Foto: Anita Haugland
Her er Røde Kors-gjengen på besøk i stova hos Mari-Anne Heggebø Kro (framme). Stian Grindheim (framme t.v.), og Espen H. Heggelund (bak t.v.), Erlend Håheim (bak t.h.) og Nils Saltnes (framme t.h.).

Takkar redningningsmannskapa for innsatsen

I sommar brekte Mari-Anne Heggebø Kro (58) foten, då ho var på tur i Etnefjellet. Ho tør ikkje tenkja på korleis det hadde gått, dersom ho ikkje hadde fått hjelp frå Etne Røde Kors Hjelpekorps.

Publisert Sist oppdatert

Den 15. august er ein merkedag for Mari-Anne Heggebø Kro frå Ølen. Då plar nemleg ho og mannen, Leif Kro, å markera bryllaupsdagen. I år var yngstedottera, Ida, heime, saman med sambuaren. Dei bestemte seg for å bruka den fine solskinsdagen i Etnefjellet, og parkerte bilen ved Skarstøl. Medan Mari-Anne og mannen gjekk til Løkjelsvatnet, tok dei to andre seg opp langs Stegane. Dei fire møttest til lunsj før dei gjekk ned. På tilbakevegen, då Mari-Anne skulle gå ned frå ei betongbru, skjedde det ei hending som skulle få konsekvensar i fleire månadar etterpå.

— Eg kan hugsa at eg såg meg til høgre, og tenkte at det var passande avstand å trø nedpå med venstrefoten. Då eg sleppte ned venstrefoten var det lenger ned til bakken enn eg hadde berekna. Eg kan ikkje hugsa heilt kva som skjedde, anna enn at eg datt ned, og at høgrefoten som hang fast, gav etter, fortel 58-åringen.

Ho fortel om store smerter i etterkant av episoden.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS