Like etter brannen. Roy Martin Øyjord og Jurgita Folkedal var langt nede like etter at livsverket gjekk opp i røyk.
Foto: Irene Mæland Haraldsen
Takkar brannvesenet for innsatsen etter røykeri-brannen
Det er måndag morgon andre veka i august og klokka nærmar seg nitalet. Inne i foredlingslokalet til Skakke Røykeri i Åsavegen på Sørstranda i Etne er det full aktivitet. Tre tilsette er i gang med dagens arbeidsøkt og jobbar med å klargjera laks og aure for sal.
Inne i bustadhuset få meter unna ligg to tenåringsjenter og søv, medan dagleg leiar Jurgita Folkedal gjer seg klar til å starta arbeidsdagen i røykeriet. Sambuaren og eigaren , Roy Martin Øyjord, har tatt seg ein tur til butikken for ein rask handlerunde før også han skal ta fatt på arbeidsdagen. Lite anar dei kva dramatiske minutt dei har i vente. For i eine enden av produksjonslokalet har ein brann starta å utvikle seg, og i løpet av få minutt finn flammane vegen opp etter kledningen på foredlingslokalet og på røykeribygget like veg.
Stor takk