Det blir stadig fleire folk i Vindafjord. Her er glade barn i folketoget i Vats 17. mai.
Akrivfoto: Irene Mæland Haraldsen
Svært nær 9.000 vindafjordingar
Onsdag offentleggjorde Statistisk sentralbyrå (SSB) befolkningstal for første kvartal i 2024. Held Vindafjord kommune sin vekst same tempo framover er det berre nokre månadar før kommunen rundar 9.000 innbyggjarar.
Ved utgangen av kvartalet, altså 31. mars var det registrert 8.972 innbyggjarar som buande i Vindafjord kommune. Det manglar dermed 28 for at kommunen skal runde 9.000 vindafjordingar. Ved starten av året var innbyggjartartalet 8.938, altså har det blitt 34 fleire i januar, februar og mars. Ein av drivkreftene bak veksten var ei positiv nettoinnflytting på 24 personar, inkludert inn- og utvandring på tvers av landegrensene. Vindafjord hadde også eit fødselsoverskot på ti.
Nedgang i Etne
Etne opplevde ein liten nedgang frå 4.072 innbyggjarar i starten til 4.060 ved utgangen av kvartalet. Det var negativ nettoinnflytting, med fem personar meir som flytta frå enn til kommunen. I tillegg var det eit fødselsunderskot på sju.