På sengekanten vart det mykje skjemt og alvor, som tok publikum til uante og lattermilde høgder. F.v. Ole Martin Owe, Mona Lill Hundseid og Tor Helge Selvaag
Suksess med satire og sleivspark
Publikum fekk verkeleg trimma latter- og magemusklar då dei flinke skodespelarane med stort aldersspenn serverte det eine innslaget etter det andre. Det var skjemt og alvor med poeng som gjerne var litt på kanten, men innanfor.
Stor innleving
Det var satiriske sleivspark til politikarene kring bruken av konsulentar til høgast pris, som nødvendigvis ikkje førte fram til det beste resultatet. Det vart trekt i sårbare tema som har engasjert bygdene i mellom.