Nokre av dei uvanleg mange babyene som vart fødde i Vindafjord i august, på barseltreff. Barselgruppa er den første sidan pandemien slo til for halvanna år sidan.
Foto: Privat
Stor stas med mange barn på barseltreff
Denne gjengen er godt nytt i Vindafjord. Det kom uvanleg mange barn til verda i august, og endeleg er barselgruppene i gang igjen etter ein lang korona-pause, fortel kommunejordmor Wenche Strand Hauge.
— Det var stor stas at vi endeleg kunne ha barselgruppe på helsestasjonen igjen. Og i tillegg måtte vi ha to barselgrupper denne gangen fordi det var mange barn, seier Wenche Strand Hauge.
Barselgruppa kjem saman første gong når babyane er fire veker gamle.
Sugne på treff