Sperra vegen. Dagen var vegen rydda og steinblokkene lagt ved sida av fylkesvegen.
Foto: Irene Mæland Haraldsen
Stein raste ut på Strondavegen
Det var seint onsdag kveld at ein stor stein raste ut og la seg på vegbanen nær Brendeland på Strondavegen i Etne. Ingen bilar var nær då raset skjedde og Statens vegvesen var på plass for å rydda steinen vekk og sikra rasområdet.
— Det var ein stor stein på eit par tonn som raste ned i vegen. Rasområdet er rydda og nå ventar me på geolog som skal sjå på området og vurdera om det skal sikrast eller ikkje, seier byggeleiar i Statens vegvesen, Rolf Anders Tønder Svensson.
Årsak til raset er ikkje kjent, men vêromslaget kan ha spelt ei rolle. Ein lang periode med frost og brå overgang til mildvêr kombinert ned nedbør har ført til ras og steinsprang mange stader på Vestlandet. Det var ingen bilar i området då raset skjedde.