Følgjer opp E134. Her Frp-politikarane Terje Halleland (t.v.), Bård Hoksrud og Helge André Njåstad på besøk ved Håfoss i Etne i 2020.
Arkivfoto: Arne Frøkedal
Spør om E134-prosjektet Baka-Solheim
Stortingsrepresentant Terje Halleland (Frp) er utolmodig over framdrifta til prosjektet Bakka – Solheim på E134. Hans spørsmål er adressert samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap).
Frp-politikaren frå Vindafjord har brukt mykje tid og ressursar på å fremja ny E134 frå Skjold i Vindafjord til Stordalen i Etne. Han meiner det er eit særdeles viktig prosjekt og av stor betydning for vidare utvikling av regionen.
— Det var ein stor siger då me i fjor fekk prosjektet inn i Nasjonal Transportplan. Nå må me sikra vidare framdrift gjennom oppstart av reguleringsarbeidet. Dette er eit tidkrevjande arbeid som vil kunna posisjonera prosjektet inn til vidare finansiering ved ein ny godkjent reguleringsplan. Dette er eit prosjekt som det har vore tverrpolitisk semje om og nå får ei ny regjering og ein ny minister mogelegheit til å vera pådrivar for viktige vegprosjekt på Vestlandet, seier Terje Halleland til Grannar.
— Svært dårleg standard