Sonja Frafjord og Monica Nesheim viser fram nettsida til tilflyttartenesta.
Foto: Irene Mæland Haraldsen
Slår eit slag for tilflytting
Nyleg lanserte Etne kommune ei ny teneste som skal hjelpa både tilflyttarar og innbyggjarar med å finna nyttig informasjon om kva som rører seg i kommunen og kva kommunen har å tilby.
Har du tankar om å flytta til Etne eller har du allereie busett deg i kommunen kan den nye tenesta til Etne kommune vera ein nyttig stad å søkja informasjon. Eit kjapt søk på tilflyttartenesta i hovudmenyen på kommunen si heimesida fører deg rett inn til nettsida der ein kan finna informasjon om alt frå jobbmoglegheiter, bustadmoglegheiter, ledige tomter og økonomiske gode til fritidsaktivitetar, serveringsstader, møtestader, servicetilbod, arrangement, turforslag og reisedestinasjonar.
— Me har laga portalen og håpar innbyggjarane vil bruka den og at det skal vera enkelt å finna fram, seier Sonja Frafjord og Monica Nesheim som saman med Kristine Ebne står bak tenesta.
Tilflytting