Leiar Elisabeth Lie Nilsen i NAV Marked Nord-Rogaland, einingsleiar Kristin Tofte i NAV Vindafjord-Etne og kommunedirektør Yngve Folven Bergesen var glade for avtalen mellom kommunen og NAV.
Foto: Ingebjørg Rullestad Gjerde/Vindafjord kommune
Samarbeid om nye moglegheiter
— Denne avtalen er eit viktig steg mot å bekjempa utanforskap og møta den aukande mangelen på arbeidskraft som påverkar kommunen vår, skriv Vindafjord kommune på si nettside.
Arbeidstrening
Kommunen skriv at avtalen har som mål å formidla alle typar arbeidssøkjarar til ledige stillingar i kommunen. Dette inkluderer arbeidssøkjarar med nedsett arbeidsevne og flyktningar registrerte hos NAV.