Linnea Døvik frå Vats i full galopp då det første stemnet på eigen bane blei arrangert på hestesportsenteret i 2020.
Arkivfoto: Grethe Hopland Ravn
Tysvær
Rideklubbane står samla om utbygging av trinn 2 på Haugaland Hestesport Arena
Rideklubbane står samla om utbygging av trinn 2 på Haugaland Hestesport Arena
(TYSVÆR BYGDEBLAD) Det har vore halde generalforsamling på Haugaland Hestesport Arena, der vidareutvikling og utbygging av trinn 2 blei samrøystes vedtatt. No startar arbeidet med detaljplanlegging og politisk behandling av utbyggingsplanane.
Det er stor aktivitet på arenaen, og ei utviding av fasilitetane blir derfor sett på som kjærkomen. Byggetrinn 2 er planlagt med ein byggeperiode på fem år og vil omfatta ei ny ridehall, auka stallkapasitet og utandørs rideflater. Desse inkluderer ei stor utebane, gædingabane og passbane, alle utforma etter godkjende nasjonale og internasjonale mål. Utvidinga vil gi betre moglegheiter for å arrangera store konkurransar og meisterskap.
I tillegg vil utbygginga leggja grunnlaget for eit auka tilbod innan tilrettelagd- og terapiriding, rideskule og spesialkurs innan ulike grenar.