Populær julebutikk år etter år
Då Gnisten hadde open julebutikk i Sandeid strøymde folk til for å skaffa seg unike heimelaga juleprodukt.
Torsdag hadde Gnisten i Sandeid open julebutikk og kafe. Då dei opna butikken klokka 10 stod folk i kø utafor. Ikkje noko nytt med det, slik pleier det å vera. Julebutikken er populær, og folk kjem att år etter år. Dei veit at dei må vera tidleg ute skal ein få tak i det ein ønsker.
Julestemning
Det var fyr i bålpanna ute, stolar med skinn var satt ut og ein liten trenisse ønskte velkommen. Då ein opna døra til julebutikken var det vanskeleg å ikkje kjenna på julestemning. Det var tente lys, lyslenker i taket, mykje flotte juleprodukt og julemusikken spelte roleg i bakgrunnen. Alle som gjekk ut hadde minst ein pose med unike juleprodukt som dei hadde kapra seg.